torsdag 14. mars 2013

Jemen: Mellom kidnappingar og flystyrtar

Det er en ære å få presentere Den arabiske halvøys første gjesteblogger: Raymond Lidal (@rlidal). Forhåpentligvis vil dette være det første av mange innsiktsfulle innblikk fra Jemen.

Mellom kidnappingar og flystyrtar

 av Raymond Lidal, frilansjournalist busett i Sana'a.

Fyrst, eg er ikkje ein fyrstereisgut til Jemen, men viktigare: Eg er på ingen måte nokon Jemen-ekspert heller. Ikkje eingong ein Sana'a-ekspert (sjølv om det stort sett er her eg oppheld meg). Jemen er eit så samansett og komplisert land at eg ikkje torer å leggje meg på noko anna enn eit amatør-nivå. Eg kjem òg heilt sikkert til å overromantisere. Beklagar det. Sånn, det var ansvarsfråskrivinga.

---

Jemen. Kva tenkjer du då? I mitt fordomsfulle sinn tippar eg du ikkje kjem på veldig mykje positivt. Jo, Tawakkol Karman! Nei, eg tippar du eigentleg hadde gløymt kva land ho kjem frå.

Frå Jemen er det ikkje veldig stor variasjon i sakene som når internasjonal merksemd. Det er stort sett terrorisme, kidnappingar og al-Qaeda. Det er synd, fordi Jemen er mykje meir spanande enn som så. Dette innlegget kjem til å vere dels eit reiseinnlegg (frå Sana'a), dels ein klagesong over jemenittisk politikk, dels ei oppdatering på jemenittisk politikk, dels tryggleikspropaganda, dels ein klagesong over medias handtering av Jemen. Og litt kidnapping og al-Qaeda sjølvklart. 

Eg kom hit fyrste gongen i januar, 2011. Dagen etter eg landa starta dei fyrste store demonstrasjonane i Sana’a. Det viste seg jo at eg ikkje hadde noko med det å gjere. Men det var starten på ein lang og framleis uferdig revolusjon (eller ‘kaos’, alt etter kven ein spør). Julaftan 2011 kom eg attende til Noreg, men eg hadde berre så vidt byrja med Jemen. Det er eit land med ei voldsom tiltrekkingskraft. Og fantastisk grilla kylling!

Maten, luktene, qat-samlingane, vêret, naturen, gamlebyen i Sana'a. Menneska. Det er mykje å skryte av i Jemen, men menneska er grunnen til at ein kjem attende. Og menneska er grunnen til at ein verkeleg byrjar å bry seg om Jemen. Dei har gått gjennom mykje, og mykje står framleis att. Eg fekk oppleve dei og landet deira gjennom eit svært viktig år. Denne gongen håpar eg å få oppleve (litt av) endringa som så mange kjempa(r) for.

(Ta det med ro, eg skal skildre litt meir av det glade (og nydelege) Arabia lenger nede.)
Eitt av mange bilete frå taket mitt i gamlebyen.

Revolusjon og nedgang (og oppgang?)
2011 var ikkje eit bra år for den jamne jemenitt. Landet var i økonomisk og politisk oppløysing grunna opprøret. Til og med dei revolusjonære ville ha kalla situasjonen på overflaten for kaos (sjølv om opprøret var noko dei meinte var bra). Prisane på mat, gass og vatn steig kraftig. Valutaen sank tilsvarande. Det var harde kampar fleire stader i byen. Kampane førte til at folk måtte flykte og forretningar stenge. Det var uroleg, for å seie det mildt. Dog ikkje direkte farleg (unntak sjølvklart for dei uheldige som budde akkurat der kampane føregjekk; stridsdyktige soldatar; stridsdyktige stammemedlemmer; revolusjonistar på barrikadane). Mange støtta opprøret. Dei meinte at endring måtte kome. Jemen var i økonomisk krise òg før opprøret starta, og regimet til Ali Abdallah Saleh styrte landet med jernhand.

Både akademikarar og Saleh-fiendtlege vil i stor grad kalle Saleh-perioden for eit diktatur. Det er rett på fleire måtar, sjølv om det ikkje nødvendigvis er heilt dekkande. Stikkord er større fridom enn i til dømes Libya under Gaddafi og Syria under Assad. Det var (og er) eit relativt ope land. Internasjonale organisasjonar/selskap kunne operere i stor grad fritt (iallfall om ein ser vekk frå korrupsjonen). Men jo, Ali Abdallah Saleh var overalt, og styrte landet til sitt eige beste – ikkje til folkets beste.

Mange var òg imot opprøret, og meinte sterke Saleh var (og er) rette mannen for Jemen. Det er ei haldning som absolutt ikkje har døydd ut.

Nattleg utsikt frå gamlebyens høgaste (trur eg) bygning, hotellet Burj al-Salaam. For øvrig eit hotell eg ikkje vil tilrå grunna nær tilknytting til Saleh-familien.

Men Saleh måtte gå av til slutt, etter totalt 33 år som Jemens president (dei fyrste tolv åra som president i Nord-Jemen. Nord- og Sør-Jemen vart til eit samla Jemen i 1990). Jemens nye president heiter Abd Rabboh Mansour Hadi (det er iallfall éin av skrivemåtane), og det er han som no leiar Jemen gjennom overgangsperioden dei er inne i. Det er ein overgangsperiode som har som mål å vere over i 2014. Då skal det haldast både parlaments- og presidentval, men fleire tvilar på at styresmaktene og dei forskjellige opposisjonsgruppene klarer å halde den tidsramma.

Etter at Hadi (for short) "kom" til "makta" har lite skjedd. (Hermeteiknforklaring: Han var den einaste kandidaten i tulle-presidentvalet i februar 2012, og folk kunne berre velje 'ja'. I tillegg er det slett ikkje han eller den nye regjeringa som har makta. Dei gamle makthavarane har framleis styringa). Lite har altså skjedd, sett vekk frå stagnasjon og ytterlegare politisk kaos. Frå overraskande mange får president Hadi skryt for i det minste å ha klart å halde Jemen samla, og styrt landet nokolunde på rett sti fram mot den nasjonale dialogen (les meir om det i min neste post). Det er skryt han ikkje får så lett frå meg. Eg meiner det skal veldig mykje til for at partane no sender kvarandre ut i borgarkrig. Det har litt med situasjonen dei er i (ein borgarkrig hadde vore absolutt katastrofalt), og litt med det jemenittiske lynnet. I tillegg er det no så mange partar involverte at ingen ynskjer det (kontra 'nord' mot 'sør' i 1994 til dømes). Jemenittar er ikkje kjende for å ty til vald som fyrste utveg. Heller mekling (styresmaktene er ei litt anna historie). Dei er eit fredeleg folk, og ynskjer mest av alt stabilitet og ro. Hadi skal altså ha mindre skryt enn Jemens øvrige befolkning.

Revolusjonen held fram, dog i litt mindre grad. Mohammed her, min gode ven, er av dei søtare innslaga i den jemenittiske revolusjonen.

Farleg(are) for somme
Likevel, samanlikna med 2011 er fleire ting heilt klart betre. Særleg på overflaten. Mangel på væpna kampar midt i hovudstaden er vel det mest openberre. (Dog, det er stadig kampar fleire stader i landet. Seinast i Aden, Jemens nest største by.) Økonomien har heller ikkje stupt ytterlegare, så dagleglivet i Sana'a går som normalt att. Vatn-, drivstoff- og straumtilførselen er sånn halvvegs stabil. Merkbart betre enn 2011. For jemenittar flest har dermed livskvaliteten auka marginalt, sjølv om politikken er i limbo. For dei aller fattigaste er ingenting betra sjølvklart. Dei må vente ein god del lenger. Og dei kan vere så mange som halvparten av innbyggjarane.

(Oppdatering! Dette innlegget er skrive over ein viss periode. Den siste tida er straumsituasjonen merkbart verre.)

Det som derimot er verre enn 2011 er tryggleiken, og særleg for to grupper: (jemenittiske) politikarar/maktpersonar og, diverre, utlendingar. Men her skal det understrekast: sistnemnde gruppe har det frykteleg mykje lettare enn fyrstnemnde. For politikarar og makthavarar sin del så er det fyrst og fremst attentat som er "utfordringa". Det har vore ei veldig auke i politisk motiverte attentat og vald. Det går sjeldan ei veke utan, og det skjer ofte i hovudstaden. (Motorsykkel og maskingevær er dei føretrekte verktøya.) Det kan vere al-Qaeda, og det kan vere at al-Qaeda-namnet berre vert brukt av styresmaktene. Oftast veit me ikkje kven som står bak. Uansett, å vere ein maktperson i Jemen i dag er for ein risikosport å rekne.

Sånn cirka nøyaktig same bilete som det fyrste, berre i dagslys. Taket mitt er flott! Dette er sånn cirka midt i gamlebyen, litt nord-vest.

Eg er jo ein utlending i dette landet, og det er kanskje difor eg legg merke til det ekstra godt. Men det er diverre ikkje til å stikke under ein stol: utlendingar er oftare eit mål enn tidlegare. Kidnappingar og kidnappingsforsøk skjer. Ikkje ofte, men det skjer. Og det skjer i Sana'a. Det er ein stor skilnad frå tidlegare. For to veker sidan fekk me likevel ei gladmelding. Den sveitsiske læraren som vart kidnappa for nesten eitt år sidan, vart sleppt fri. Éi gladmelding, men framleis sit to uskuldige arabiskstudentar (pluss kona til éin av dei) i fangenskap. Det opprører både det internasjonale miljøet og dei aller fleste jemenittar. Slike operasjonar møter veldig lite forståing blant jemenittar. (Det same gjeld oppslutning om grupper som al-Qaeda: veldig svak.)

I tillegg til å vere ei krise og tragedie for dei involverte og pårørande, så er kidnappingar svært lite bra for Jemen. Det set heile landet i eit dårleg lys, skapar uvilje blant investorar (som verkeleg trengst i Jemen), og det svekkar trua på at styresmaktene kan garantere for tryggleiken til vanlege jemenittar (fordi det er ikkje berre utlendingar som vert kidnappa).

For eit par veker sidan vart òg ein britisk journalist forsøkt drepen. Òg det skjedde midt i Sana'a. Ikkje veldig hjelpsomt. Lite er kjend rundt hendinga (journalisten sjølv veit ingenting sikkert), og dermed er det vanskeleg å seie om drapsforsøk er noko fleire bør vere redde for, eller om det berre gjeld den aktuelle journalisten. Det er dog ingen tvil om at slike hendingar seier noko generelt om tryggleiken her. Han er ikkje på topp.

Toårsdagen for revolusjonen. Det vert framleis halde protestfredagsbøn kvar fredag. Dog, oppmøtet både her og ved Change Square er betydeleg mindre enn i 2011.

Media og røynda
Men er det farleg her? Det er kanskje spørsmålet eg møter oftast. Og 'nei' er framleis svaret mitt. Det finst ting her som berre kan skildrast som ekle, og det er heilt sikkert farlegare enn mange andre stader. Men framleis ikkje farleg, vil eg hevde. Andre kan finne på å vere usamde. Likevel, eg sjekkar mine omgjevnader litt oftare og betre no. Eg unngår somme stader litt meir no. Vegane eg tek er litt meir varierte. Og eg er litt meir mistenksam enn tidlegare. Ein tankegang som det er vanskeleg å unngå diverre. Det internasjonale miljøet (FN-arbeidarar, NGO-arbeidarar, journalistar) er ganske lite i Sana'a, og det har ein tendens til å hause opp den "farlege" tryggleiksituasjonen. Men sett bort frå slike forholdsreglar lever eg som normalt her. Og det er eit fint liv. Det einaste eg saknar frå Noreg er gode vener og kulturliv. Og litt kulde.

(Derimot, når det kjem til å tilrå folk å reise hit, er eg veldig forsiktig. Det hadde jo vore forbaska typisk at nettopp personen som reiste hit etter råd frå meg vart kidnappa. Og eg trur dei på ambassaden i Riyadh hadde vorte litt irriterte. Dei er allereie (programfesta) irriterte nok på dei få nordmennene som er her. Men det eg kan seie er at Jemen er fantastisk for alle ansvarlege vaksne, som veit å oppføre seg, som kanskje har reist ein del, som kjenner til Midtausten, og som veit å ta ting litt roleg. For overnervøse islamskeptikarar: vent gjerne litt.)

Jemen er ikkje eit speglbilete av medias framstilling av landet. Akkurat dét gjeld vel svært få land, men det gjeld nok litt ekstra for Jemen. Dette landet handlar ikkje om terrorisme eller fly som styrtar midt i hovudstaden. Ikkje eingong om al-Qaeda. (Dette deler for øvrig òg mine amerikanske vener her.) Jo, desse tinga er deler av det puslespelet som til slutt utgjer Jemen – og eg kjem heilt sikkert til å rapportere om dette til ein viss grad sjølv. Men dei er ikkje dei viktige bitane. Det er heller ikkje dei viktige journalistiske sakene, slik eg ser det. Her er så mykje å ta av. Mange tema er diverre tragediar, andre er positive. Dei fleste viktige. Alle fascinerande.

Men ja, gå gjennom gamlebyen i Sana'a, og prøv å tenk på al-Qaeda. Du kjem ikkje til å klare det. Drikk te med melk langs ringvegen rundt gamlebyen om kvelden. Eller inviter deg sjølv (om du av ein eller annan grunn ikkje vert invitert uoppfordra) til å tygge qat med jemenittar i stova deira. Snakk med dei om ting som verkeleg betyr noko for dei (og for deg, det kan eg love deg). Eller berre tull. Jemenittar fungerer godt til det òg.

Ein litt for ung gut tygg litt for mykje usunn qat. Ein reknar med at rundt 70 prosent av alle  jemenittiske menn (og altfor mange born) tygg qat regelmessig. Det påverkar helsa negativt, men ikkje minst påverkar det òg økonomien. For fattige familiar er qat ein stor utgiftspost.

Dra ut av Sana'a (som eg diverre gjer altfor sjeldan sjølv). Berre til fjella rundt for å få ein oversikt og ein spektakulær utsikt. Sana'a ligg 2300 meter over havet allereie. Det er ein fin tanke når ein ser ned på byen, med ei shisha attmed deg. Og dra på landet! Iallfall dei delene som er trygge. Det er der det meste av Jemen finst. Ein reknar med at to tredelar bur utanfor dei store byane. Jemen er lite urbanisert, og kontrastane mellom by og bygd er store. Men menneska er som regel like flotte.

Dei aller fleste jemenittar er dei mest fredelege og mest generøse menneska eg har møtt (og eg har vore i Syria). Eit paradoks når ein tenkjer på fattigdomen. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg er invitert til lunsj hjå folk som eigentleg ikkje burde tilby meg det. Som deler både tid og tankar og mat med meg når dei eigentleg burde tene pengar. Tala er usikre, men så mange som 50 prosent kan leve under fattigdomsgrensa i Jemen.

Som sagt, det er menneska som drog meg attende til Jemen. Det er menneska som gjer at eg føler meg trygg. Og det er menneska som gjer at eg i det lange løpet er optimistisk på Jemens vegner. Eg er derimot ikkje veldig optimistisk på den nære framtida. For dei av dykk som er interesserte i den nasjonale dialogen som snart er på trappene i Jemen (og litt meir detaljar om revolusjonen), les gjerne vidare neste veke.

Og ja, dersom nokon har spørsmål om Jemen, så skal eg prøve å svare i kommentarfeltet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar